If you would like to translate our Statement of Purpose into your Mother Tongue please contact:
luisa_maffi@terralingua.org

Norsk Norwegian

Terralingua er ein ny (1996) internasjonal organisasjon som vil arbeide for: 1. å ivareteke verdas språklege mangfald, samt
2. å utforske samanhengar mellom kulturelt og biologisk mangfald.

FØREMÅLSERKLÆRING.

Fylgjande er eit samandrag av Terralinguas målsetnadar.

Terralingua anerkjennar:

1. at språkleg mangfald og variasjon utgjer ein vital del av verdas kulturelle mangfald,

2. at kulturelt og biologisk mangfald ikkje berre er innbyrdes relaterte, men òg i fleire tilfelle uatskiljelege,

3. at, liksom fleire dyreartar har vorte trua i vår samtid, står òg fleire språk, med deira avartar, framfor ei eksistenskrise på verdsbasis som kan vise seg å verta betydeleg.

Terralingua erklærer:

4. at eitkvart språk, med dets avartar, har eigenverdi og er difor verneverdig, samt verdig til å førast vidare,utan omsyn til dets politiske, demografiske eller språklege status;

5. at å sjølv kunne velgje kva for eit språk ein måtte ønskje å bruke, og til kva for eit føremål, er ein grunnleggjande menneskerett gitt til eitkvart medlem av det samfunn som idag måtte vere brukarar av dette språket, eller om dette språket vart brukt av deira førefedre, og

6. at slike avgjerde om bruk av eit bestemt språk bør verta fritt tekne i ei atmosfære av toleranse og gjensidig å respekt for kulturell eigenart ­ vilkår som er ein føresetnad for aukt gjensidig forståing blant verdas folkeslag og ei anerkjenning av vår felles humanitet.

C. Difor sett (?) Terralingua seg føre dei mål som fylgjer:

7. å bidra med å verne og vidareføre verdas språklege mangfald i alle variantar og avartar (språk, dialektar, blandingsspråk, kreolspråk, teknspråk, ritualspråk, osv.) gjennom forskning, offentlege utdanningsprosjekt, interesseorganisasjonar og støtte til språkgruppar.

8. å lære om språk og den kunnskapen dei omfattar fra sjølve brukarane av det enkelte språk, å oppfordre til partnarskap mellom språk/kulturgruppar basert på dei enkelte språksamfunna og vitskaplege/fagretta organisasjonar som er interesserte av å verne om kulturelt og biologisk mangfald, samt å støtte språksamfunnas rett til språkleg sjølvråderett.

9. å tydeleggjere samanhengar mellom det kulturelle og det biologiske mangfaldet ved å etablere handlingsdyktige bindingar (?) med vitskapelege/fagmessige organisasjonar og enkeltpersonar som er interesserte av å verne om kulturelt mangfald (til dømes språkforskarar, lærarar, antropologar, etnologar, kulturarbeidarar, minoritetesforkjemparar, kulturgeografar, sosiologar, osv.) samt dei som er interessert av å verne om biologisk mangfald (til dømes biologar, botanikarar, økologar, zoologar, geografar, etnobiologar, etnoøkologar, naturvernarar, miljøvernforkjemparar, naturressursforvaltarar osv.) og dermed fremje ei samla verning og vidareføring av kulturelt og biologisk mangfald.

10. å samarbeide med alle føremålstjenlege grupperingar både i offentleg og privat sektor, og på alle nivå, fra det lokal til det internasjonale, for å uttrette det førenevnte.

Gjer vel og merk at brorparten av Terralinguas meldingar er i utgangspunktet skrevne på engelsk, og at oversetjingar til andre språk blir gjort av friviljuge på deira eigen fritid. Så sjølv om vår målsetnad er å oversetje vårt materiale til så mange språk som mogleg, kan vi diverre ikkje garantere at alle framtidige meldingar verte oversette til nynorsk.

Om du bryr deg om faren for utdøying bland verdas språk eller truga biologiske artar eller både, oppfordrast du til å slutte deg til Terralingua. Medlemskap er gratis; send oss berre namn, adresse, telefonnummer, (evt. faks) og e-postadresse. Skulle du se deg istand til å støtte Terralingua økonomisk, ber vi deg om å bidra med minimum 10 US$ i året. (For å bidra, venlegst utsted en internasjonal valutasjekk til “Terralingua”). I alle høve er vi glade for di støtte!Takk.

Oversett av Eirik Vie.

Comments are closed.